BergensBowl

Mest populre referaterMine mest populre referaterMine favorittreferaterReferater jeg ikke har stemt p

Gi dette kampreferatet en karakter!

Hvor bra synes du dette kampreferatet er? Er det for kort eller for langt? Gir det deg flere minutters latterkrampe eller ndels spenning? Si din mening ved stemme her!

KarakterBetydning
0Skrekkelig drlig. Angrer p at jeg brukte tid p lese dette. Har knapt sett noe verre.
1Kjempedrlig.
2Veldig drlig.
3Et drlig referat, men verd lese allikevel.
4Et helt greit referat, men litt under middels.
5Et ganske s alminnelig referat. Verken spesielt bra eller drlig.
6Litt over middels bra.
7Et bra referat!
8Veldig bra!
9Wow! Dette var utrolig bra skrevet!
10Helt genialt bra!! Referater s glimrende som dette finnes det ikke mange av!

Pain of Salvation (aka. Ragnar Rokks Nurgle Band) - Gravkammeratene

Touchdowns: 0 - 1, Casualties: 2 - 1 (Link til kamprapport)
Logg inn for stemme p dette kampreferatet.

Pain of Salvation (aka. Ragnar Rokks Nurgle Band) skriver:

Ragnar Rokk var ikkje nøgd, det stod slettes ikkje bra til med laget hans. Gravkam hadde ymta frampå om at dei ville spele kamp og sidan Ragnar ikkje var nøgd med laget sitt so fekk dei ikkje lov å forlate Niflheim. Men Gravkam ville gjerne spele so dei kom ned dei og. Det skulle vise seg å vere eit dårleg triks av Ragnar, Gravkam hadde langt fleire fans der enn Pain, mykje på grunn av Gork og Gandorks mange rekrutteringskampanjer der nede.

Starten av kampen såg dårleg ut det såg ut til at kampen laut utsettast då det byrja regne haueskallar, heldigvis letta det snart opp då det viste seg at Gravkam-fansen snart gjekk tom for skallar å kaste og byrja slåss seg i mellom i staden. På grunn av partisk dommar fekk Gravkam byrja med ballen og dei rykte raskt fram og scora med Gravenøl. Alt som normalt tenkte Ragnar, vi går for ein klassisk 2-1 siger. Det skulle vise seg å bli vanskeleg, blodge/sidestep er ein umåteleg kjedeleg kombo og tilslutt hadde Ragnar fått nok; få ut den forbaska ghoulen brøla han til den innleigde skjelettrollmannen. Gnistrane fauk rundt Gravenøl og han tok seg ein fortent pause i knockoutboksen. Dette var sjansen Niegrich hadde og han storma framover i eit desperat forsøk på å utlikne. Men Wolfgang takla han elegant, fakka ballen og det stod 0-1 til pause.

Etter pausen var Pain maks psyka opp; Borak sendte zombie etter zombie pluss eine wighten i KO eller skadeboksen og Ripper grabba sidesteppar etter sidesteppar. I tillegg hadde Pain-krigarane smørt seg inn med diverse avskylege midlar so Gravkam-spelarane akka seg titt og ofte for å blocke dei i det heile. På grunn av eit uheldigt spark av Graveladden fekk Noureddine starte med ballen. Pain sleit seg framover, men fyrst gjekk Lemminkainen ut og so laut Fridhjof av bana og. Allikavel rykte Pain framover og tilslutt var Noureddine i scoringsposisjon. Då vakna Wolfgang til liv, reiv seg laus oppmerkinga og blitza Fridhjof av bana. Ballen spratt inn igjen på bana og i eit siste desperat forsøk reiste Niegrich seg, dodga vekk frå oppmerkinga og prøvde å plukke opp ballen. Men i mørkret var det vanskeleg å sjå kva som var kva og det visste seg at Niegrich plukka opp ein skalle og ikkje ballen so Gravkam kunne juble for nok ein siger og Pain kunne sjå fram til meir trening i Niflheim.