BergensBowl

Mest populære referaterMine mest populære referaterMine favorittreferaterReferater jeg ikke har stemt på

Gi dette kampreferatet en karakter!

Hvor bra synes du dette kampreferatet er? Er det for kort eller for langt? Gir det deg flere minutters latterkrampe eller åndeløs spenning? Si din mening ved å stemme her!

KarakterBetydning
0Skrekkelig dårlig. Angrer på at jeg brukte tid på å lese dette. Har knapt sett noe verre.
1Kjempedårlig.
2Veldig dårlig.
3Et dårlig referat, men verd å lese allikevel.
4Et helt greit referat, men litt under middels.
5Et ganske så alminnelig referat. Verken spesielt bra eller dårlig.
6Litt over middels bra.
7Et bra referat!
8Veldig bra!
9Wow! Dette var utrolig bra skrevet!
10Helt genialt bra!! Referater så glimrende som dette finnes det ikke mange av!

Orkan - Valdsgutadn

Touchdowns: 0 - 2, Casualties: 1 - 3 (Link til kamprapport)
8  :)  Logg inn for å stemme på dette kampreferatet.

Valdsgutadn skriver:

Valdsgutadn levde opp til lagmottoet sitt i dag der dei feia over Orkan. Spesielt Tore Myrkmann viste seg frå si beste side og fansen ropa namnet hans under heile kampen. Valdsfansen hadde møtt opp mannssterke, dobbelt so mange som Orkanfansen var dei og det sette litt preg på stemninga. Sola skein sterkt under heile kampen so noko pasningsspel blei da ikkje, men so var det no ikkje det Valdsgutadn hadde tenkt å gjera heller. Myrkmann sette seg i respekt med ein gang med å sende Orcadas rett ut til Valdsfansen med dei fyrste blokken i kampen. Valdsfansen levde opp til kallenamnet sitt og Orcadas var ute for resten av kampen. Ormulf plukka opp ballen og Valdsgutadn sprang framover på si venstre flanke. Orkan klarte ikkje å få laus ballen, kapteinen Gobi gjorde eit forsøk, men nådde ikkje Tambarskjelve ståande. Myrkmann bestemte at det var på tide at Uhepne scora so han slengte ein ny Orkanspelar ut med skade og Uhepne kunne enkelt ta over ballen frå Ormulf og springe i mål til 1-0.

No var det Orkan sin tur til å denge litt på gutadn og Lebreneve laut ut med ein skade, ikkje noko alvorleg so han vil vere klar igjen til neste kamp. Skrukka sparka djup og Orkan sleit med ein gang. Dei blei stogga, Gutadn fekk ikkje laus ballen men i siste omgang var det kun ballføraren til Orkan som stod oppreist og han var utanfor rekkevidde til å springe i mål. Dette fekk Orkan til vurdere eit kast av Gobarnador. Orkhos gav ballen til Gobarnador og alt som skulle til var at Trollheim fekk kasta han rett i målsonen til Gutadn. Heldigvis snubla Trollheim i eit bein ute på bana og omgangen var over.

I pausen livna den innleigde Bloodweiser Baben opp nokre Valdsgutar og stemninga var god på tross av at Orkan skulle starte 2.omgang med ballen. Boomer Eziasson kom inn på tross av sterkt solskin. No var det hans tur til å stogge Orkan-offensiven. Det starta bra med at Skrukka sparka nesten ved LOS. Orkankastarane blei overraska av dette og det var berre såvidt dei rakk ballen. Boomer kasta ein perfekt bombe midt mellom dei og 2 av 4 orkar laut ned, deriblant ballhaldar. Deretter utvikla det seg til ein real slugfest der begge lag ville ha tak i ballen. Orkan hadde den mest, men Boomer kasta fleire gode bomber før han tilslutt rauk på ein smell. Orkan kom seg aldri over midtstreken og tilslutt fekk Gutadn ballen laus. Skrukka plukka opp ballen og fansen håpte på mål. Men Gobi kom og fekk laus ballen og ballen spratt opp i nevane hans. Da fekk Myrkmann til å sjå svart og han dengte laus ballen or nevane til Gobi so Helge Ytre kunne fakke han og springe i sikkerheit. Orkan innsåg nederlaget og brukte siste runden sin på å sparke laus frustrasjonen sin slik at Ytre fekk spasere i mål til 2-0 og kampslutt.

Fansen var i 100 og kassa til Valdsgutadn blei fylt opp. Nok til at Myrkmann bestemte seg for å hente inn Lidvard Abrans etter kampen. Og med Uhepne sin styrkeutvikling so er Valdsgutadn no på vei til noko stort.