BergensBowl

No Name Position MA ST AG AV Skills Inj Cmp TD Int Cas MVP SPP Value
1
Ivar Beinlause
Lineman
6
3
3
7
Block





1
5
50k
2
Skjervald Skrukka
Lineman
6
3
3
7
Block, Kick


2

1

8
70k
3
Ragnvald Draupne
Lineman
6
3
3
7
Block, Tackle
M

1

2

7
(70k)
4
Håkon Skallagrimson
Lineman
6
3
3
8
Block, Tackle

1


1
3
18
100k
6
Hallgrim Yksnebjørn
Lineman
6
3
3
7
Block


1



3
50k
7
Sigurd Lebreneve
Lineman
6
3
3
7
Block







50k
8
Helge Ytre
Catcher
7
3
3
7
Block, Dauntless, Dodge, Mighty Blow


2

1
2
18
140k
9
Bjørn Berner
Catcher
7
3
3
7
Block, Dauntless, Dodge, Side Step


7



21
130k
10
Tore Myrkmann
Norse Werewolf
6
4
2
8
Frenzy, Block, Guard




6
1
17
150k
11
Ormulf Tambarskjelve
Thrower
6
3
3
7
Block, Pass, Accurate, Dodge, Fan Favourite, Sure Hands

11
3


4
40
170k
12
Leiv Uhepne
Blitzer
6
4
2
7
Block, Frenzy, Jump Up
M

2

3

12
(140k)
13
Ollo
Yhetee
5
5
1
8
Loner, Claws, Disturbing Presence, Frenzy, Wild Animal, Guard




5

10
160k
14
Harald Fråden
Norse Werewolf
6
4
2
8
Frenzy




1

2
110k
15
Lidvard Abrans
Blitzer
6
3
3
7
Block, Frenzy, Jump Up




2

4
90k
16
Styrbjørn Sterke
Thrower
6
3
3
7
Block, Pass







70k


Race:
Head Coach:
Sum: 165 0k
Re-rolls:  x 0k 0k
Fan Factor:  x 10k 0k
Assistant Coaches:  x 10k 0k
Cheerleaders:  x 10k 0k
Total value of team: 0k
Treasury: 0k
Matches Played Win Draw Loss Win Ratio Total Score Average Score Total Casualties Average Casualties
12
5
1
6
46%
19-17
1.58-1.42
40-24
3.33-2.00

Match results Date: Score Casualties Fans Fan Factor change Winnings
Opponent
Purchases / journeymen:

Våren 2007
Fri Turnering
Res. Opponent Gate TDs Cas Win TR Date
Victory Orkan Orc 21k 2-0 3-1 90k 1710000 08.11.2007

Valdsgutadn levde opp til lagmottoet sitt i dag der dei feia over Orkan. Spesielt Tore Myrkmann viste seg frå si beste side og fansen ropa namnet hans under heile kampen. Valdsfansen hadde møtt opp mannssterke, dobbelt so mange som Orkanfansen var dei og det sette litt preg på stemninga. Sola skein sterkt under heile kampen so noko pasningsspel blei da ikkje, men so var det no ikkje det Valdsgutadn hadde tenkt å gjera heller. Myrkmann sette seg i respekt med ein gang med å sende Orcadas rett ut til Valdsfansen med dei fyrste blokken i kampen. Valdsfansen levde opp til kallenamnet sitt og Orcadas var ute for resten av kampen. Ormulf plukka opp ballen og Valdsgutadn sprang framover på si venstre flanke. Orkan klarte ikkje å få laus ballen, kapteinen Gobi gjorde eit forsøk, men nådde ikkje Tambarskjelve ståande. Myrkmann bestemte at det var på tide at Uhepne scora so han slengte ein ny Orkanspelar ut med skade og Uhepne kunne enkelt ta over ballen frå Ormulf og springe i mål til 1-0. No var det Orkan sin tur til å denge litt på gutadn og Lebreneve laut ut med ein skade, ikkje noko alvorleg so han vil vere klar igjen til neste kamp. Skrukka sparka djup og Orkan sleit med ein gang. Dei blei stogga, Gutadn fekk ikkje laus ballen men i siste omgang var det kun ballføraren til Orkan som stod oppreist og han var utanfor rekkevidde til å springe i mål. Dette fekk Orkan til vurdere eit kast av Gobarnador. Orkhos gav ballen til Gobarnador og alt som skulle til var at Trollheim fekk kasta han rett i målsonen til Gutadn. Heldigvis snubla Trollheim i eit bein ute på bana og omgangen var over. I pausen livna den innleigde Bloodweiser Baben opp nokre Valdsgutar og stemninga var god på tross av at Orkan skulle starte 2.omgang med ballen. Boomer Eziasson kom inn på tross av sterkt solskin. No var det hans tur til å stogge Orkan-offensiven. Det starta bra med at Skrukka sparka nesten ved LOS. Orkankastarane blei overraska av dette og det var berre såvidt dei rakk ballen. Boomer kasta ein perfekt bombe midt mellom dei og 2 av 4 orkar laut ned, deriblant ballhaldar. Deretter utvikla det seg til ein real slugfest der begge lag ville ha tak i ballen. Orkan hadde den mest, men Boomer kasta fleire gode bomber før han tilslutt rauk på ein smell. Orkan kom seg aldri over midtstreken og tilslutt fekk Gutadn ballen laus. Skrukka plukka opp ballen og fansen håpte på mål. Men Gobi kom og fekk laus ballen og ballen spratt opp i nevane hans. Da fekk Myrkmann til å sjå svart og han dengte laus ballen or nevane til Gobi so Helge Ytre kunne fakke han og springe i sikkerheit. Orkan innsåg nederlaget og brukte siste runden sin på å sparke laus frustrasjonen sin slik at Ytre fekk spasere i mål til 2-0 og kampslutt. Fansen var i 100 og kassa til Valdsgutadn blei fylt opp. Nok til at Myrkmann bestemte seg for å hente inn Lidvard Abrans etter kampen. Og med Uhepne sin styrkeutvikling so er Valdsgutadn no på vei til noko stort.

Victory Carpe Mortem Vampire 21k 1-0 2-1 60k 1750000 19.02.2008

Myrkmann var aldeles ifrå seg av sinne. Korleis kunne laget hans spela so kjedeleg? Kampen starta greit nok, Valdsfansen hadde overtaket på dei heller blodfattige Carpe Mortem-fansen og Gutadn fekk starte med ballen. Pysling fekk ballen rett i fanget, men til å vere lagets smidigaste spelar so imponerte han ikkje med ballkontrollen. Han og Tambarskjelve surra fælt med ballen på bakre halvdel av Gutadn sin banehalvdel, etter eit bra kick av den inleigde Mortem kickeren. Myrkmann var ikkje so uroa i starten ettersom planen var å late Ollo, Tore sjølv, Leiv og resten av gutadn mørne forsvaret til Mortem. Men dei verka sløve, hadde det vore for lenge sidan siste kamp? Mortem fekk ned spelarar medan Gutadn berre knuffa og skubba litt. Vampyrane verka og i godlage og snek seg framover til to av dei truga Tambarskjelve. No var det på tide med action og Gutadn pusha framover. Vampyrane gjekk i bakken og ballen kom nesten heilt fram til målstreken. Uheldigvis fekk siste vampyren tak på Helge Ytre før han rakk å score og no fekk Gutadn sjå kor effektive vampyrane kan vera, dei hypnotiserte Lidvard, plukka opp ballen og kasta ein perfekt long pass til ein annan vampyr som berre trengte å fakke ballen, springe og ta hand-off til siste vampyren for ein sikker touchdown. Heldigvis blei vampyren so affisert av Ollo sin tilstadeverelse at han akkurat ikkje klarte å fakke ballen. Men det var fortsatt store sjansar for Mortem for no har Gutadn i dårleg posisjon. Heldigvis sjølvdestruerte Mortem og laga kunne gå til pause med 0-0. Tilno hadde det kun vore ein skade og det var på Pysling. Tore var ikkje nøgd og skjelte ut Gutadn i pausen. Alt anna enn masse skadar på Mortem og siger var uaktuelt. Men det såg ikkje ut som Gutadn tok det heilt til seg i byrjinga, men Mortem hjalp til. Vampyrane viste seg som dei blodtørstige monstra dei er og kortslutta Mortem sitt angrep. Gutadn byrja etterkvart å få kontrollen sjølv om Mortem heile tida tok ballen tilbake. Etterkvart som KO-boksen til Mortem blei fullare og fullare fekk Tambarskjelve tak i ballen og Gutadn haldt ut til nest siste runde før dei scora. Då var det 2 Mortem-spelara igjen på bana, 6 i KO-boksen og 2 i skadebua. Men Mortem-spelarane er tydlegvis hardføre, alle 6 kom tilbake til siste runde medan Skallagrimsson, som var einaste Gutadnkar i KO-boksen, valte å stå over. Uansett sigeren var sikra og etter kampen blei Ormulf igjen kåra til banast beste spelar. Han hadde no lært seg kunsten å smite seg forbi motstandarar, noko som forhåpentlegvis skal vise seg nyttigt i den neste kampane. For Carpe Mortem er det berre å sei at dei var overraskande gode so lenge vampyrane var i slag...

Draw Kaos Chaos Dwarf 23k 2-2 6-2 50k 1850000 10.12.2008

Cup Sommeren 2010
Cup Vinteren 2011
Cup Sommeren 2011