BergensBowl

No Name Position MA ST AG AV Skills Inj Cmp TD Int Cas MVP SPP Value
1
Erlend Tyrileik
Lineelf
7
3
4
7
Block, Guard


5

3
1
26
120k
2
Jens Bonde
Lineelf
7
3
4
7
Dodge, Guard
N
6
1

3
3
30
120k
3
Tom-Harald Ospen
Lineelf
7
3
4
7








70k
4
Tormod Lønning
Lineelf
7
3
4
7






1
5
70k
5
Hans-Hugo Gaupa
Lineelf
7
3
4
7
Block, Kick

3



4
23
110k
6
Tyldor Arboretum
Lineelf
7
3
4
7








70k
7
Alf-Kåre Skogen
Lineelf
6
4
4
7
Block, Tackle

2
2

7
3
37
160k
8
Haldor Borken *
Catcher
8
3
4
7
Catch, Dodge, Sprint, Block, Fan Favourite, Nerves of Steel, Pass

2
15


1
52
250k
9
Krispinius Lauvli *
Catcher
7
2
5
7
Catch, Dodge, Sprint, Block, Fan Favourite, Pass Block, Side Step

7
14
2

2
63
220k
10
Heine Skuturslu ^ *
Thrower
7
3
4
7
Pass, Accurate, Block, Fan Favourite, Kick-Off Return, Sure Hands

35



4
55
200k
11
Halfdan Hoggtann * *
Wardancer
8
4
5
7
Block, Dodge, Leap, Fan Favourite, Mighty Blow, Strip Ball, Tackle

2
19

16

91
310k
12
Guttorm Veivelling * *
Wardancer
8
3
4
7
Block, Dodge, Leap, Fan Favourite, Shadowing, Side Step, Strip Ball, Sure Feet, Tackle

4
10

14
3
77
250k
13
Inge Kroken
Thrower
8
3
4
7
Pass, Block

13
1


1
21
140k
14
Arnold Svartenknegger * *
Catcher
9
2
4
7
Catch, Dodge, Sprint, (Unknown), Block, Fan Favourite, Leap, Sure Feet


26


1
83
210k
15
Ingemar Granlund
Catcher
8
2
4
7
Catch, Dodge, Sprint







90k
16
Monrad von Rothen
Treeman
1
6
1
10
Loner, Mighty Blow, Stand Firm, Strong Arm, Take Root, Thick Skull, Throw Team-Mate, Guard, Multiple Block

1


11
1
28
160k

Furulunden Blodbolleforæning


Race: Wood Elf
Head Coach: Ronny Tømmerbakke
Sum: 75 93 2 54 25 591 2550k
Re-rolls: 4 x 50k 200k
Fan Factor: 15 x 10k 150k
Assistant Coaches: 1 x 10k 10k
Cheerleaders: 1 x 10k 10k
Apothecary: 1 x 50k 50k
Total value of team: 2970k
Treasury: 680k
Matches Played Win Draw Loss Win Ratio Total Score Average Score Total Casualties Average Casualties
38
26
4
8
74%
112-68
2.95-1.79
78-104
2.05-2.74

Match results Date: Score Casualties Fans Fan Factor change Winnings
Furulunden Blodbolleforæning
Opponent
Purchases / journeymen:

Våren 2006
Høsten 2006
Våren 2007
Høsten 2007
Res. Opponent Gate TDs Cas Win TR Date
Loss Grasiøs FK High Elf 42k 2-4 1-2 60k 2480000 02.10.2007

Solleiemark kunne berre riste på haue, og når reportarane ville ha ein kommentar etter kampen so kunne han berre sei \"We wuz robbed, motstandaren viste ein utruleg vilje til å klare det dei ville, mens vi feila på dei mest elementære. Det var passande nok at i andre omgang so brukte vi ingen rerolls, men fekk veldig lite til allikavel. Der motstandaren POW\'d oss i bakken, knussa vi litt med dei og lot det vere med da. Inge Kroken burde skamme seg over å fumble for n\'te og n\'te+1 gang. Vi kan rett og slett ikkje gjere slike feil med eit so bra lag på andre banehalvdel. Når Grasiøs i tillegg får to blitz og ein perfekt defence so kan ein lure på dommaren. Høgdepunkta i kampen var ved fyrste kickoff når publikum gav Jern-Erna ein niggling med ein perfekt kasta stein og når trollmannen til Grasiøs feila å felle Skuturslu (hjalp lite sidan Skuturslu fumbla kastet rett etterpå). Alt i alt ein kamp Furulunden berre lyt gløyme snarast. All kudos til spelarane som stod på til siste slutt og til Grasiøs som rett og slett er eit veldig godt lag.\"

Victory Kneebiters United Chaos Dwarf 35k 3-2 2-6 70k 2150000 09.10.2007

Da blei ei hard batalje; Kneebiters hyra inn både Morg og Hthark foran denne kampen. I tillegg viste det seg at Amran hadde funne fram eit magisk Codpiece for anledninga og soleis ikkje kunne foulast ei var han lett å skade i normale blocks heller. Furulundenfansen var skeptiske til sjansane til Furulunden og møtte berre opp i såvidt fleirtal. Kneebiters starta med ballen og deretter fulgte kaoset. Kneebiters sleit med å plukke opp ballen, men lukkast med skadinga. Veivelling laut ut med ei knust hand, Jens Bonde fekk knust eit kne og totalt var 4 Furulundspelarar ute etter 4 rundar. Monrad blanda seg inn i ballklynga og Furulunden gjorde eit desperat forsøk på å plukke opp ballen. Diverre var kaosdvergane veldig gode til å takle og Halfdan fekk nesten audelagt eine ankelen sin, men lækjar Alvestad redda han. Diverre fekk ikkje Furulunden tak i ballen der den låg mellom ørten kaosdvergar, bull kentaurar, Morg og hobos. Tilslutt klarte eine hoboen å plukke opp ballen og gje den til Amran. Skogen gjorde sitt beste og fekk satt ein tacklesone på Amran. Men blei skubba vekk og Kneebiters scora i sin siste turn. Etter det var det Svartenknegger-show. Han satte greit inn ei utlikning til Furulunden og det såg ikkje so verst ut foran andre omgang. Andre omgang starta med at Furulunden scora med Tyrileik etter litt om og men. So kontra Hoggtann inn 3-1 etter igjen elendig ballbehandling av Kneebiters. Deretter var det Kneebiters sin tur til å redusere med Amran i siste turn. Sikander prøvde å demme opp for Amran, men enda opp daud. Når Skogen skulle gjera ein siste desperat blitz enda det opp med at han åt gras istaden. Siger til Furulunden med mange spelarar ute til neste kamp. Spiralling expenses byrjar gjere det veldig tungt å få inn pengar, men Solleiemark hadde pengar til å hyre inn Borken og Grønningen. No håpar han berre på han ikkje møter Dwarvenheim i neste runde, Tackle er reine drepen for Furulunden...

Loss Gravkammeratene Necromantic 37k 2-3 2-5 30k 2270000 28.10.2007

Solleiemark kunne berre deppe, alt gjekk mot Furulunden i denne kampen. Hoggtann blei nesten drepen i fyrste turnen, berre flaks lækjar Alvestad kom bort i tide og redda han. Hoggtann fekk mykje juling i denne kampen ettersom han var einaste wardancer og tilbrakte mykje tid i knock-out boksen. Men når han var på bana so var han ein tiger, slo laus ballen og drap Gravendal pluss fillerista eine wighten. Uheldigvis var resten av flaksen hos Gravkammeratane, to ganger fekk dei blitz mot oss og kicka gjekk heile tida i deira favør med scattering som alle kunne misunnt dei. Det same gjorde ballscatteringa når ballen var laus. Solleiemark mistenkte magi, men Gravkammerattrollmannen var ingen stad å sjå. Etter tap i denne kampen er Furulunden i realiteten ute av finalekampen og fansen byrjar no tvile på Solleiemark sine ferdigheitar. Nokre har tilogmed byrja snakke om at han kanskje bør trekke seg frå laget. Lageiar RonnyT har ikkje uttalt seg til skogsnytt om saka og han har i tillegg avvist eit eksklusivt intervju med Gribb Ørkenfugl. Derimot har han hatt ein mørk skikkelse ved si side som ingen heilt klart klarar å identifisere.

Loss Green Reapers Orc 36k 1-2 2-5 80k 2570000 12.11.2007

So var dagen komen, Furulunden skulle igjen møte eit orkelag, Solleiemark gleda seg ikkje. Rett stod Da Squisha over kampen, men sidan Varag og Morg var hyra inn so hadde Reapers heile 7 spelarar med 4+ STR. Furulundenfansen møtte mannsterke opp for å støtte laget, men Reapers viste gode forsvarstakter og stilte opp med eit perfekt forsvar. Det stogga ikkje Furulunden og Hoggtann kunne etter ein feila blitz av Da Boss spasere inn til 1-0. So kom slakta, Da Lobba fakka ballen lett etter vinden dreiv ballen opp i nevane hans. Morg sendte Bonde til sjukestova og i runden etterpå heldt Varag på å drepe Inge Kroken, berre snar intervensjon av lækjar Alvestad stogga det. Og slik gjekk resten av omgangen, Reapers sendte skogsalvane ut nesten ein kvar turn. Hoggtann og Veivelling ville vise kreftar og og sendte ein gobbo pluss Da Ugly ut med mindre skadar. Tilslutt var Furulundenforsvaret tynnslitt og i siste turn kunne Da Lobba gje ballen til Da Good som enkelt kunne spasere i mål til utlikning. I andre omgang forventa Solleiemark mykje da same av orkane og han fekk rett. Einaste store endringa var at Da Krushinator hadde funne veien til kampen. Her snakkar vi om ein av historiast dummaste spelarar, heile 1.omgang hadde han gått glipp av fordi han ikkje fann fram og i løpet av 2.omgang so fekk han vel slått ein gang (slo ned vo Rothen, som røyste seg enkelt), resten av kampen forstod han rett og slett ikkje kva han skulle gjere uansett om han stod aleine eller blei oppmuntra av Da Killa. Ikkje akkurat skarpaste kniven i skuffa.... Men mens alt dette skjedde so hadde Hans-Hugo sjølvsagt sparka høgt so Da Lobba enkelt kunne fakke ballen, Da Lobba imponerte Furulunden med sine ballskills i denne kampen. I tillegg sendte Da Boss Veivelling ut med ein mindre skade so han blei ute resten av kampen. So var alt teikna for ein 8 turns cage grind for Reapers. Furulunden gjorde det dei kunne, men når Hoggtann i turn 7 hoppar inn og skal slå ned Da Lobba med 1D blokk og slår skalle, re-roll skalle so seier da sitt at det var ikkje Furulunden sin dag. Da Lobba kunne enkelt gå inn til 2-1 og siste sjanse til Furulunden var no Svartenknegger. Men ballen kom aldri til Svartenknegger for Skuturslu, feila å plukke opp ballen. Etter kampen bestemte Solleiemark seg for at laget treng meir styrke og sendte soleis Hoggtann på intensiv styrketrening. No er da berre æren igjen å spele for dei to siste kampane, men Furulunden skal gå ned med flagget til topps. Håpar iallefall Solleiemark...

Draw Unholy Manticores Dark Elf 0k - - 30k 2730000 29.01.2008

Victory Drackenmoore Wyverns Orc 29k 3-2 1-3 70k 2710000 12.12.2007

Igjen var det tid for å møte eit orkelag. Inducements føre denne kampen var so store for Wyverns at dei hyra inn Morg, Varag, ein ekstra apo, ei bloodweiser babe, noko ekstra lagtrening og nokre magiske triks. Skullsmasher hadde i tillegg tatt med lykkeamuletten sin som skulle verne han mot skade. Solleiemark kunne berre le, skulle eit skogsalve-lag liksom skade eit troll!!! Furulunden fekk starte med ballen, men orkane stilte opp med eit perfekt forsvar. Etter litt nervøs opning der spelarane heldt på å feile fullstending hadde det ikkjke vore for at dei var so godt trente (alle terningkasta unntatt blocks krevde skill re-rolls i fyrste runde). Allikavel so klarte Furulunden å storme framover på bana og i runde to kunne Lauvli sette inn 1-0. Alt etter planen so langt. Det som deretter skjedde overraska heile Furulunden; dette orke-laget hadde møtt fram for å SPELE blood bowl, ikkje berre møte opp på bana og smadre ting som orkelag vanlegvis gjer. Etter at Gaupa hadde sparka ballen langt bak, men høgt opp kunne Skarloc lett fakke ballen og legge seg i posisjon bak Varag. Orkane storma framover og Furulunden storma framover for å fange Skarloc. Men Skarloc var i det fri og kunne sentre ein long pass til Azzrack som no var i god scoringsposisjon. Slikt spel av orkane hadde Solleiemark sjeldan sett. Med litt ekstra springing so scora Azzrack i orkanes 3.runde. 2 rundes touchdown på dei og. Interessant tykte Solleiemark. Furulunden sette igjen opp for angrep og før ballen blei sparka so blei dommaren jaga av bana. Det visste seg at denne dommaren hadde dømt både Furulunden og Wyverns i kampane deira mot Green Reapers og han blei no gjenkjent sjølv om han spelte med sjal. Slik upartisk dommar kunne ikkje fansen leve med so ut med han. No storma igjen Furulunden framover for å score og mange spelarar låg fint til. Wyverns dekke opp so best dei kunne, men Skogen laga glipe til Tyrileik på kanten. No låg sjølvsagt Lauvli og Borken betre plassert, men Solleiemark ville at Tyrileik skulle score, so Skuturslu kasta til Tyrileik som storma framover. Uheldigvis snubla han på målstreken og ballen var laus. Badgutz fakka ballen og deretter vart det mølje ei stund tildess Badgutz kom seg fri og kasta Long Pass til Azzrack. Azzrack var ikkje heilt sikker på handa so ballen datt ned ved sidelinja. No var det enkel sak for Skuturslu å hente ballen og kaste den og touchdown. ELLER? Heine klarte ikkje plukke opp ballen og ballen spratt utover sidelinja. Sidan Wyvern-fansen hadde kontrollen over sidelinja so valgte dei å kaste ballen innover Furulunden sin banehalvdel og fram til Madox som stod aleine langt inne på Furulunden sin banehalvdel. Han fakka lett ballen og spaserte inn til 1-2 heilt på slutten av omgangen. Inni alt dette hadde og Lækjar Alvestad måtta rykke ut og hjelpe Bjerke. Han heldt på å pådra seg ein fæl kneskade, men Alvestad fekk setla da. 1-2 til pause og orkane som skal starte med ballen, ikkje bra det her tenkte Solleiemark. Men i det minste so spelar Wyverns bra blood bowl. Ikkje slik kjedeleg og traurig spel som andre orkelag vanlegvis spelar. Det var no orkane sin tur til å starte med ballen og Skarloc la seg igjen bak Varag. Men denne gangen kom Veivelling seg fram til Skarloc og la seg i tacklesona hans. Mykje ansvar kvilte no på Veivelling sidan Hoggtann hadde fått seg ein trøkk i skallen og klarte ikkje å komme inn igjen resten av kampen. Motangrepet til Furulunden lykkast, Veivelling fekk ballen fri og Borken kunne springe inn til utlikning. Orketrenaren blei no litt meir forsiktig og la seg lenger bakpå med Skarloc. Det lykkast nesten å sende ballen fram til Badgutz, men ballen var igjen fri. Lauvli tråkla seg gjennom orkeforsvaret, plukka opp ballen og skulle sentre til Borken, men Borken feila å fakke ballen. So kom Madox, plukka opp ballen mellom to Furulundenspelarar og kasta den perfekt til Badgutz. No var Furulunden ille ute, for Wyvern hadde fått skoa til Furulunden smurt inn med fett so plutsleg var Furulundenspelarane veldig usikre på beina. Skogen prøvde iherdig å slå ned Badgutz, men Badgutz stod på beina. Uheldigvis kom ikkje Badgutz seg forbi. Han datt so lang han var og Lauvli kunne plukke opp ballen og sentre til Borken som denne gangen fakka ballen og sprang inn til 3-2 og siger! Alt i alt ein veldig underholdande kamp. Duellen mellom Morg og Monrad blei vunnen av Morg, Monrad låg på bakken mesteparten av kampen. Sidan Furulunden kan stille med fullt mannskap til neste kamp so kan Naggaroth Party Animals velje og vrak mellom inducements, men Solleiemark tippar at Morg dukkar opp i den kampen og....

Cup Sommeren 2007
Cup Vinteren 2008
Cup Sommeren 2008
Cup Vinteren 2009
Cup Sommeren 2009
Cup Vinteren 2010