|
Da blei ein fullblods thriller av ein finale. Begge laga stilte med like mange fans, men Furulunden hadde ein svak fordel i og med at Svartenknegger er veldig populær blant alle fans. Allikavel valgte dommaren å la Grasiøs starte med ballen. Og Grasiøs viste igjen kor hjelpeslause Furulunden er mot dette lagets effektive angrep. Solleiemark innsåg etterpå at for å stogge dette laget so trengst det meir shadowing, tackle, diving tackle, pass block og side step, men det vil ta si tid. Men det var berre å bite tennene igjen og score når det var vår tur med ballen. Uheldigvis er ikkje Inge i storslag og han feila med pasninga slik at Grasiøs kunne plukke opp ballen. Halfdan slo laus ballen og med 3 tacklezones på den trudde Solleiemark han kunne puste roleg ut. Men neida Grasiøs snappa opp ballen og heldt på å springe inn 2-0 når spelaren deira snubla rett før målstreken. Einar-Arne redda ballen og endeleg kunne Furulunden sette inn utlikninga med Lauvli. Grasiøs klarte å sette 2-1 før pause og stemninga var ikkje kjempestor i Furulundleiren. So lenge vi ikkje klarte å stogge Grasiøs-offensivane låg vi ille an.
Andre omgang starta med at dommaren blei jaga av bana pga. ein krangel med Svartenknegger, som fortsatt sat på benken. Lauvli kunne sette inn nok ei redusering etter klassisk pasning frå Skuturslu. Grasiøs-coachen verka like oppgitt som Solleiemark over sine spelarars evne til å stogge Furulunden, men i det minste fungerte offensivane til Grasiøs og dei kunne sett inn 3-2 kort tid etterpå. Nytt angrep til Furulunden og igjen var det Inge som skulle kaste. Kastet var upresist og Halfdan klarte ikkje fakke ballen. Det gjorde derimot Monrad. Monrad hadde vore spesielt aktiv i semifinalen og var det igjen i finalen med ingen antydningar til å feste røttene. Han feia ned det som var av motstand når han kom nær dei. Men so sat Solleiemark på eit dillema, Monrad var ikkje akkurat kjent for sine ballferdigheitar og på trening var han vanlegvis fritatt for ballsesjonen. \"Gje ballen tilbake til Inge eller Heine\" ropte Solleiemark. Men Monrad hadde nok å stri med. Grasiøstrollmannen fyrte av ei ildkule mot Monrad og gruppa som stod rundt han. Veivelling og Skuturslu gjekk ned, men Monrad stod, om enn litt svidd i blada. Når so Grasiøs fekk ned Inge og so var det plutseleg ingen rundt Monrad som kunne overta ballen. Kampen var no i si siste runde og Solleiemark var desperat, \"du lyt kaste Monrad\" gaula han ut. Dei einaste i scoringsposisjon var Lauvli og Hoggtann. Begge var godt oppdekka men Monrad valgte å kaste ein long bomb til Hoggtann. Heile stadion haldt pusten når dei såg Monrad fekk til eit perfekt kast. Måltørste Målfrid prøvde desperat å fakke ballen, men Hoggtann henta elegant ballen ned midt mellom Målfrid og ein annan Grasiøsspelar. Like elegant hoppa han over dei og sprang i mål til 3-3. Stadion rista av jubel, slik action var nett det fansen hadde møtt opp for å sjå. Grasiøscoachen bante på sidebenken og henta fram taktikkokeboka si. Han ville ikkje komme i skuggen av Solleiemark og fortalde Raske Ragna om å score sigersmålet. Grasiøs sette opp eit av dei meir avanserte angrepa si moderne tid og plutseleg var Ragna eit godt stykke inne på Furulunden sin banehalvdel. Ho fekk tak i ballen og ville dodge seg gjennom Furulundens forsvar. Veivelling gjorde eit heilhjarta forsøk på å fylgje Ragna, men ho var rett og slett for rask og kom seg gjennom. Igjen haldt stadion pusten, ville Ragna klare å komme i mål før fløyta gjekk? Heldigvis for Furulunden datt ho som ein sekk poteter rett foran målstreken. For Solleiemark verkar det som spurtetrening er ein forsømt del hos Grasiøs.
So var det klart for ekstraomgangar. Igjen valte dommaren å favorisere Grasiøs med å la dei starte med ballen. Solleiemark sleit seg i håret, etter slik eit dramatisk comeback var det surt å måtte starte slik, for Furulunden hadde endå ikkje klart å stogge eit Grasiøs angrep. I sin fortvilelses snudde han seg mot Svartenknegger som inntil no hadde sett kampen frå benken. \"Kom deg inn og motiver dei andre pluss få fansen på vår side\". Og det verka frå fyrste stund, fansen kylte ein stein i panna til ein av Grasiøsspelarane og Øyfrid Ørnøye blei so forstyrra av dette at ho ikkje la seg langt nok tilbake. Svartenknegger styrta framover for å forstyrre Øyfrid. Dette var høg riskspel for Grasiøs hadde fått mange spelarar i scoringsposisjon, men Øyfrid skula mot fansen og snubla i beina til Arnold når ho skulle til å sette den målgjevande pasninga. Arnold plukka enkelt ballen opp og paraderte over mållinja til øyredøvande jubel frå Furulundenfansen.
Solleiemark hadde etterpå vanskeleg å utpeike enkeltspelarar som utpeikte seg men mente sigeren var ein laginnsats og at nøkkelspelarar som Monrad, Halfdan, Heine og Arnold alle hadde tatt sin del av ansvaret. Og då var den nok like greit at lagkaptein Heine Skuturslu blei utpeika etter kampen som turnerningas viktigaste spelar og heretter kunne flotte seg med tittelen \'Fan favorite\'.
|